Når einsam i verdi



Finn notene i PDF format på Google Drive | her |.

NÅR EINSAM I VERDI
Tekst: Støylen, 1920

Når einsam i verdi du trengsel må lida,
Og hjarta lyt lengta i saknad og kvida,
Og ingen i verdi kan sorgi di svala,
Då er det vel sælt med vår Herre å tala.

For Herren han kjenner di sorg og di møda,
Kvart sår i di sjel han med miskunn vil grøda,
Og han kan all verken i hjarta ditt lindra,
Så tårefullt auga av gleda skal tindra.

Ved Frelsarens barm skal me sorgene gløyma,
Og lukka og livet til hjarta skal strøyma,
For Frelsarens kjærleik gjev sælaste kvila,
I såraste saknad mot oss han vil smila.