Nåde - nåde utan ende


NÅDE – NÅDE UTAN ENDE
Tekst: Elias Blix, 1891

Nåde, nåde utan ende,
Å kor er Guds nåde stor!
Verdi seg frå honom vende,
Gløymde bort hans gode ord.
Men vår Gud oss ikkje gløymde,
Han oss i sitt hjarta gøymde.
Alt frå me i syndi fall,
Gjekk på jordi ut hans kall.

Alt frå morgonstund han kallar,
Lokkar medan dagen lid,
Og når dag til kvelden hallar
Og ved seine nattmåls tid,
kallande han hendi retter
Ut til alle folk og ætter.
Til kvart land og til kvar lyd
Går hans røyst og inn dei byd.

Men når dagen ut er runnen,
Han til løn oss kallar inn.
Den som då vert fulltru funnen,
liv til løn av nåde vinn.
Herre, vekk då hug og øyra,
Så ditt kall me gjerne høyra!
Alle til din vingard drag
Medan det er enno dag!

[ Denne salmen har eg oversatt til engelsk, og kalla den "Mercy - mercy without border". Den er å finne på heimesida, på
|• "Poet on view", i blant tekstene på sida | Poems from Norway |. ]